Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

mandag 28. september 2009

Knekkeren




Dette har vert ein deilig sulledag hos den lille familien. Først var mammadama hos knekkemannen, han fann visstnok både leddlåsing og betennelse, men prognosene for heilt friskmeldt rygg var god, heldigvis. Det er godt eg har ein kjærast og ei mamma som masa om at eg skulle kome meg avgårde til kiropraktoren - takksam for det! Var ikkje forberedt når knekket kom, så måtte le etterpå, for det var sånn ein merkelig smerte. Etterpå kosa vi oss rundt på den "bedre" sida av byen. Det er virkelig intressant dette med øst og vest her i byen, kor viktig det er å poengtere kva side av elva ein kjem i fra. Har forresten snopa oss ei ny 50mm linse til kamera vårt, så no skal det takast enda fleire bilete av lillegull.

torsdag 24. september 2009

Jammen er det blitt torsdag




Da nærmer det seg helg igjen. Skulle tru at det ikkje betydde noko da ein har fri fra jobb heile tida, men jo, det er allikevel deilig med helg. Har invitert min gode mann på date her heime i morgen kveld, så det skal bli kos. Lille gull er så fantastisk fornøyelig, ho smiler og ler dagen lang. På kaffekoppen fekk eg spørsmålet om ho alltid er så glad og mammaen kunne ikkje gjere noko anna enn å stolt nikke ja til det.


Lille gull i mammas gamle, stripete sparkebukser. Sjå så fin den er på ryggjen og ikkje minst kor deilig, fin nakke jenta har!


Familien nyt livet på stort bruktmarked på Ekebergsletta forrige laurdag. Pappamannen hadde gleda seg i månedsvis til denne dagen, og markedet stod til forventningane. Boligen har fått tre nye oppbevaringsbokser - ypperlig for å halde orden på liten plass. Videre fann eg ein fantastisk duk fra 70-talet som skal bli sofapute og kjole til lillegull. Har designa den i hovudet mitt, så gleder meg til å prøve symaskina.


Sjekk ut denne gamle potta.

søndag 20. september 2009

Hipp Hurra for 4 måneders bursdag



Her er lille jenta kun 1 time gamal og det andre bilete er tatt i dag på fire månedersdagen. Den feira vi med onkel på teknisk museum. På museet var det ein skokk med bittesmå, litt større og store barn. Det såg skikkelig kaos ut når vi kom inn. Åå må det vere så mange som spring og skrik? Bang, der slo det oss, ganske kraftig, at dette er jo vi faktisk en del av no. Overhøyrde ei mor til ei anna, "det er jo ikke mye annet å finne på i dette været". Joda, det regna litt i dag, men ikkje noko å snakke om for oss fra det våte vestland. Eg fortalde T om eit av mine beste barndomsminner som innebar heile familien, regn, raude regnklede, vafler, varm kakao og eit stort tre som gav ly. Det viste seg at T hadde eit ganske så linkande minne, ute under eit tre, mens Charlie og sjokoladefabrikken vart lytta til på ein liten, raud reiseradio. Heilt klart at vi skal gi lille gull deilige, regnfulle opplevingar.







torsdag 17. september 2009

Nytt dataprogram er kjekt

Her er nokre bilete av lille gullet. Har lasta ned eit nytt program så sit og leikar meg litt. Til dei ikkje så datakyndige (ikkje for å undervurdere nokon av dykk altså..), så er det mogeleg å trykkje på bileta for å få dei store.









Forresten, eg synes synd på Sponheimen. Han er visstnok sliten og har jo, som vi veit, meldt sin avgang. Dette er ikkje ironisk altså..Eg kjem til å savne buldrebassen i det politiske bilete. Han og partiet har jo mykje godt for seg, skulle berre ha bytta samarbeidspartnare. Men som eg las i Aftenposten i dag, er partia som kjemper for miljøet dei store valgtaparane. Skremmande.

onsdag 16. september 2009

Deilig onsdag



I dag har vi kost oss med lang frukost og gotta oss på Godt Brød, sammen med Torstein. Kjempe kos - lenge sidan vi har hatt tid til det. Eller rettare sagt, lenge sidan han har hatt tid. Etter å ha fulgt han ned på skulen gjekk turen vidare for å finne passande badetøy til meg og minsten, for i dag var vi klar for babysvømming. Det er ikkje tull - alt som har med baby å gjere er ekstra tullete dyrt. Ei lita badebleietruse skulle dei jammen ha 200 kr for. Drøyt. Bare fordi det er til baby. Kunne til sammenligning kjøpe ei Adidas-badedrakt til meg for kroner 249. Drøyt. Uansett, badetøy vart det og likeså med svømming. Ada storkosa seg i bassenget. I følge instruktøren var ho såååå flink, sååå rolig og "til å vere første gang..og til å være første gang.." vart gjentatt mange ganger. Utrulig kjekt å sjå kor ho kosa seg, så ho kjem nok garantert til å svømme tidlegare enn pappaen gjorde. Eg høyrde for to år sidan, på ei folksom badestrand, ei svært stolt og ivrig stemme rope "Laila, Laila - se eg kan svømme".

I dag har Ada begynt å rulle fra rygg til mage heilt kontrollert. Det er absolutt lettast når bleia er av, noko som er ganske naturleg. Kvar gang ho får liggje uten ruller ho over på magen. Noko som eigentleg er litt morosamt sidan ho fortsatt ikkje er så glad i å liggje på magen.




søndag 13. september 2009

Morojentene





fredag 11. september 2009

Lea og tante


torsdag 10. september 2009

Skodde på vakre vestlandet

Da var vi heime på vestlandet - deilig. Vart henta av søsto på Flesland i går. Har ein morosam flyplasshistorie, men sparer den til i morgo, da eg eg ein smule trøtt no. Har kost oss med tur med mammo og lille Ada ute i skoddelandskapet - fantastisk! God kusina og Monica var her på fiskesuppemiddag. Så herlig god ho er med lille gullet.





tirsdag 8. september 2009

Var alt mykje betre før røykeloven?

Var alt mykje betre før røykeloven, da alle småbarnsmødre holdt seg langt vekke fra byens kafeer? Leste et debattinnlegg i går kor det vart klaga på ammende kvinners mangel på folkeskikk. Kva får mødre til å slenge fram puppen i tide og utide? Svar på tiltale fra ei mor gjekk ut på at dei klagande var forretningsmenn og eldre kvinner som sjølv aldri fekk til amminga. Eg vil leggje til at ei gruppe klagande er yngre menn som får puppens mystikk og erotikk øydelagd. Ei av desse eldre damene, som tydeleg irriterte seg, møtte vi i dag. Vi var fire jenter med fire små, som oppførte seg eksemplarisk om eg må sei det sjølv. Dei små altså..Ho gjorde eit stort poeng av at ho eine kom borti med baggen sin og dermed tok stor plass, enda ho sjølv hadde ein meter ledig på andre sida. "Unskyld meg, eg treng litt plass eg og". Vel, vel, det einaste ein kan gjere er å oversjå og ikkje la det gå inn på ein. Var forresten ein svært hyggeleg kafedate jenter:)



No ventar eit deileg fotbad.

mandag 7. september 2009

Deilig dag




Dessverre får eg ikkje videoene eg forsøker å laste opp til å virke. Skal ta ein ny ein i morgen og prøve på nytt da.

Dagen i dag har vert roleg. Litt smårydding, mykje kos og ein liten spasertur i Osloveret, som ikkje er så verst om dagen.

søndag 6. september 2009

Ryddevaskeflunsesøndag