Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

lørdag 31. oktober 2009

Deilig haustlaurdag på bedritent loppemarknad


Først smak av frukt

I dag har pappamannen hatt fri og dette har derfor vore ein spesielt kjekk laurdag. I tillegg er onkel Jørn i byen, så vi har hengt saman med han i dag - kjempe kos. Han skulle eigentleg bu hos oss, men den litle ulykka heime, som har ført til at vi for tida bur på 35 kvm, har gjort at han måtte finne seg eit hotel. Han var velkomen - for vi har hjarterom, og da er det jo og husrom, men kan forstå at det ikkje var super fristande, i og med at vi vaknar klokka seks her og han skulle på konsert og nyte byens mange kveldstilbod.

Som overskrifta tilsei la vi formiddagen til eit av loppemarknadane i byen, men valgte tydlegvis feil, da det ikkje hadde noko særleg å by på, enda til så tidleg vi var der. Uansett, på veg nedover til Karl Johan var det ein blomehandlar som hadde nett slike trekassar som eg jaktar på. Eg spurte forhåpningsfult kvar han fekk fatt i dei, men til min store skuffelse fortalde at at det kun var bedrifter som fekk handle der. Litt etter kom eit av dagens høgdepunkt - vi kunne få kjøpe to av han, og til ein svært billig pris, samanligna med det eg har funne på nettet.


Desse kjem til å bli kjempe fine til oppbevaring, saman med litt lys og ein grøn plante.



Ellers har eg snopa meg nye skor for pengar eg var så heldig å få til bursdagen min. Tusen takk!!



Lillegull, eller puddingen som pappaen kallar ho, har og fått nye ulltøfler.






God laurdagskveld!

fredag 30. oktober 2009

testing testing

Testing testing

torsdag 29. oktober 2009

Joho så glad


Vakre, gode jenta mi!

Vi skal flytte igjen på tirsdag, til ein super fin leilighet på Frogner. Den er 50 kvadratmeter, så det blir himmelen mot disse 35. Ellers er det tregolv, nett så heime, stor vinduer og lyse flater. Og ikkje minst nyoppussa, lekkert bad og kjøkken. Vi har vore kjempe heldig, for det er jammen ikkje lett å finne leilighet for korttidsleie. Her vi bur no betaler vi 14 900 kr, og det er for 35 kvadratmeter, maks. Det er dessuten kjempe lytt her, trur eg, eller så er det berre det at bergensere snakkar så utruleg høgt. Nei det er lytt, når dei vegg i vegg stakk i ein kontakt i veggen, trudde eg det var pappamannen som gjorde det rett ved sida av meg. Og hos dei over var det nokon som fekk nytt keybord i går. Alle veit vel kva sang som vart spelt igjen, og igjen, og igjen, bare variert med ulike fantastiske lydfunksjonar. Nok klaging, vi skulle så absolutt fått det heimekoseleg og bebueleg her og. Dette med heim er eit litt rart begrep, for heime er det jo uansett, så lenge familien er der med deg. Det er det som er viktig.



I går var det siste gang på babysvømming, og lillegull og pappaen storkosa seg i vatnet.



Goingane mine






No vaknar tulla, høyrer eg. Og det er ikkje fra natta, men dagens første kvilings og klokka er berre 09.15, så dagane startar tidleg.

Ha ein strålande dag!

mandag 26. oktober 2009

Forresten, no trur eg eg har klart å endre på nokre innstillinger slik at du har moglegheit å leggje igjen kommentar utan brukerkonto og utan å skrive inn ordbilete. Håper dette viser seg i mange kommentarar - noko eg vil setje stor pris på!

søndag 25. oktober 2009


Familien i hotellsenga. Obligatorisk feriebilde, utenom att vi ikkje er på ferie.


Da trur eg vi er tilbake i bloggeverda. Har bare vore utruleg travelt disse siste dagana, med tusenmillioner (faktisk) telefoner med alt fra flyttegutta til sure forsikringsdamer. Blir så forbanna når folk snakker til ein som ein var dum, samtidig som dei er sinte og sure. Problemet er bare at ein blir forbanna etterpå, mens akkurat der og då, mens du er i telefonrøret, kjenner ein tårene presse på, grunna trøttleik og fortvilelse. Da er det godt å ha ein mann som kan ta seg av dei telefonane, mens eg ordnar og fikser med med Reconmann, flyttegutta og takstmann. Mykje lettare å forhalde seg til menn altså.

For augneblinket bur vi i ein leilighet ved Ullevål, deilig etter nesten ei veke på hotell. Dagane vart litt lange kan du sei. Det er litt anleis med hotell når ein er tvungen til å bu der. Samtidig skal det seiast at vi har nytt delige, lange hotellfrukostar.

Nam, nam..

Leiligheten her er heilt ok. Den er nyoppussa og rein, men litt liten, i underkant av 40 kvadratmeter. Uansett så skal vi nå få det heimekoseleg på eit vis!


Nam nam


Bolla x 2 i rødt, etter pakking heimeheime.

tirsdag 20. oktober 2009

ALT

Da har lille kusine Erle kome til verda - velkomen!! Pappamannen har vorte 27 og kan ikkje lenger nytta seg av Unginfo. Det vart vel ikkje heilt den dagen vi hadde planlagt, men fekk likvel servert hemelaga sjokoladekake til ein god venegjeng. Heime har det vore vatnlekkasje med fortsatt ukjent årsak, noko som er frustrerande.. Noko som er enda meir frustrerande er at vi dei neste 3 månadane må bu i ein leigd leilighet på Ullevåll. Eg som hadde gleda meg så utruleg mykje til å stelle heime og lage mykje kos i desember. Vel, vel..vi skal no få da koseleg i denne andre leiligheten og. For augneblinken bur med på hotell i sentrum - på Bondeheimen - så kjenner meg heime no;) Grunna gløymd dings for å overføre bileter til pc, kjem det no nokre eldre bilete eg fann på macen.


åå sjå så lita..




I fjor vinter, heime på Hindenes.

torsdag 15. oktober 2009

Hurra for meg



Det er fantastisk å bli 28 år! Eg har hatt ein utrulig deilig bursdag - kunne ikkje vore betre. Vakna til ei strålande tulla som pludra i senga si, tente stearinlys i stua og masse gaver på bordet. Vi har gått tur i det nydelig veret, nytt nysteika runstykke med røyrt syltetøy på Åpent Bakeri, heimelaga muffins med sjokolade og Ida på besøk og tilslutt raspeballa til middag. Ikkje nok med det, no skal mamma vere barnavakt og eg og kjærasten skal ut å nyte eit glas raudvin saman, for første gang sidan gullet kom til verden.


Lille tullas første to teskjeier med velling, noko som var stor stas. Ho mmmma masse og kunne ikkje få nok.

onsdag 14. oktober 2009

Mammamimormortiltulla på besøk




ÅÅ så fantastisk å få mamma heim hit! Vi tre har kosa oss stort i dag, både inne, og ute i den deilige høstsola. Det var så stas for lillegull å leike og tulle med mormor, og trur nok det var minst like stas for mormora. Ho kom i dag tidleg med nattoget fra vestlandet. Med seg i kofferten hadde ho ein pose med spanande knappar, glidelåsar og band, så no er det verkeleg berre å setje i gang. Men det var ikkje berre eg som fekk gåver, det fekk tulla også. Det var så kjekt med pakke fra snille tante Randi. Den var spanande fra det øyeblikket den vart plassert i fanget. Pakke smaker særs godt virker det som. Kanskje eg får pakke i morgon?


Tusen takk tante! Og tusen takk for dei tøffe kleda - du er super god!


I går fekk tulla endeleg eit godt tak om føtene sine, etter å ha dradd i knea i nokre veker no, og klarte å putte dei i munnen. Stolt mamma da!


Tullemor og mormor

søndag 11. oktober 2009

Sjokoladekake


Tøyse jenta

Enda ein deilig søndag er forbi. Tullemor var vaken fleire gongar i natt, faktisk ein heil time eine gangen. Da var det pappaen som tok ansvar. Derfor var det nokon trøytte foreldre i dag tidleg. Bortskjemte som vi er, er jo våkenetter eit ukjent begrep for oss. Trur vi er på femte natta no, sida ho var født. Det er kanskje nokon tenner på gang, tipper vi. Samtidig skal det jo seiast at ein får litt gjort når ein står tidleg opp. Her var sjokoladekaka putta i omnen før ti. Vi venta jo besøk igjen i dag, noko som var utruleg kjekt. Litle guten var så flink til å halde tullemor på fanget. Samtidig som det ikkje er så lett å forstå at dei ikkje kan snakke eller sitte sjølv. Ellers har eg skravla litt på telefonen med dei heime. Gleder meg sånn til onsdag når mamma kjem - da skal vi kose oss!



Ein liten akrobat

lørdag 10. oktober 2009

Laurdagskveld og nesten vekeslutt





Herre så tida flyr. Trur eg gjentar meg sjølv no, men eg forstår verkeleg ikkje kvar dagane blir av. Når eg les gjennom bloggen no ser eg at eg kun har skrive to dagar denne veka, noko som tyder på travle dagar og derfor litt trøtte kvelder. Pappamannen har hatt det travelt på skulen denne veka, med grupperabeid og framføringar og har derfor ikkje vore heime før i seks, sju tida på kvelden. I går kom ei svært god venninne av meg til byen, så var for første gang ute og drakk ein øl i Oslo, etter vidunderet kom til verden. Eller to øl, rettare sagt. Det var ei utrulig koseleg stund. Har forresten vore på forelesning på Blindern i går ettermiddag og i dag tidleg. Tar 10 studiepoeng, " mentor for nyutdanna lærere". Må ærleg innrømme at eg er temmeleg skuffa over foreleningane. I store deler av tida driv vi med reproduksjon, i staden for å flytte det opp på eit høgare, meir interessant nivå. Sjølv forventar og krev jo vi lærare refleksjon av våre elevar, om dei siktar mot dei beste karakterane. Dette er første gangen studiet gjennomføres og eg undrar meg på om vegen blir til undervegs. Ein smule frustrerandes når ein sit igjen med ei kjensle av bortkasta tid. Samtidig skal det seiest at det var veldig kjekt å treffe folk og prate litt fag. Gler meg til å setje i gang med litt faglitteratur lesing. Om eg får tid innimellom syinga, for i dag kom hentelappen å syboka eg bestillte. Pappamannen skulle på jobb i ettermiddag, så han kom med lillegull på Blindern. Fekk eg sjans til å vise ho litt fram - stolt mamma. Vi skunda oss allikevel kjapt heim, for der venta vi besøk fra Kristiansand. Vi hadde sånn ein fantastisk ettermiddag saman, eg og lillegull, venninna mi og hennar son. Eg er fadder på han, men har dessverre ikkje sett han på altfor lenge. Han er slik ein vakker, liten gut, med svært mykje energi. Pappamannens verktøy, som ligg "rydda" rundt omkring hos oss var ein stor slager. Guten er svært glad i byggje. Lykke at vi skal hengje saman i morgon formiddag og.











Gode deko!

onsdag 7. oktober 2009


Ei nysgjerrig tulle.

Babysvømming er super gøy. Tulla skvetter og plasker - virker som ho trives godt i vatnet. Skal ta med kamera neste gang, så skal de få sjå badenymfa. Ellers har eg sydd ferdig første lapp til babygymteppet. Ein smule stolt, om eg må sei det sjølv. Å bli mamma gjer ein visst meir kreativ. Leikekasse, leiketeppe og ullstrikketeppe. Har forresten bestilt ei bok - "sy børneklærne selv", så det skal verte spanande. Boka er ein nyutgivelse av ei dansk bok fra 70-talet.

Her er bilete av første del av teppet. Ei dør ho kan opne og inni finn ho halsen på ein giraff. Tanken er å bruke ulike stoff typer slik at det skal vere mykje forskjellig å ta og føle på. Videre vil eg bruke sterke farger på stoffa. I tillegg skal skal det vere speil, bjellegreier og andre spanande ting ho kan utforske. Oppdateringer kjem.

Snakka nett med mamma på telefonene og ho fortalde meg ein morosam historie som eg tenkte å dele med dykk. Ho har passa niesa mi på tre år i to dagar no. Etter ein lang dag på jobb og i barnehage låg dei på sofaen og tulla og leika. Jenta sei "mormor..no leikar vi. Vi leikar at du dett på golvet". Mormora er med på leiken, slenger seg halvvegs utanfor sofaen og roper "hjelp meg, hjelp meg. Kan du hjelpe mormor?" Da kjem det kjapt fra tulla, "det passer litt dårlig no mormor". Hihi, måtte le høgt. Eit lite gullkorn som skildrar ein travel kvardag.

mandag 5. oktober 2009

Småkreativ



Mandag er eigentleg ein deilig dag - da har ein ei heil ny veke med nye moglegheitar foran seg. Sjølvsagt kan min entusiasme skuldast det faktum at eg er heime i permisjon, og derfor nyt dagane til det fulle. Det er heilt utruleg, men har snart vore heime i 6 månader. Alt det eg skulle gjere og få gjort.. vel no har eg innfunne meg med at det viktigaste er å kosa seg, gjere dei tinga ein har verkeleg lyst til og så kan resten berre vere. I dag har vi gått ein tur i det nydelege hausveret, og rydda og vaska litt. Lillegull sine leiker har fått ein ny opphaldsplass. Eg har kledd ein gamal trekasse, opprinneleg til frakt av vin, med stoff innvendig og fylt den opp med leiker. Mulig det er ein liten mismatch dette med vin og barneleiker, men det vart ein flott leikekasse. Kanksje eg skal sette hjul på den også?



No har det gamle vaskefatet og den gule boksen vi kjøpte på bruktmarkedet fått sin plass på kjøkkenet.




Lille tulla sjarmerer oss alle i senk. Smil, latter og leik heile dagen. Sinna når ho skal sove.