Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

lørdag 28. november 2009

Helgeroen har senka seg

Da var det skikkelig helg. Lille gull søv, ferdig med eine oppgava og pcene skal straks leggast vekk. Julesterna lysar så deilig i vindauget og dei raude lysa brenn så fint. Og best av alt - kjærasten har frihelg og vi skal kose oss saman i sofakroken.
I kveld skjedde det forresten noko STORT, hold dokke fast, lille, gode trollet sovna av seg sjølv for første gang. Det er første gang ho har sovna heilt av seg sjølv, uten pupp eller vugging. I går haldt vi på i 54 min, men endte opp med lett vugging. I dag satt eg i senga ved sida av i 33 min, og så sovna ho uten grining. Heilt fantastisk. Blir spanande å sjå i morga.


Svært fornøgd etter kveldsgraut.

God laurdagskveld!

fredag 27. november 2009

Oppave tar tid

Oppgave oppgave oppgave. I morgen skal eg og pappaen bytte roller. Han skal vere heimeverande pappa og eg student. Fleire ord og nokon gode bilete kjem i morga den dag.
Natta

torsdag 26. november 2009

Latterkick

Lille gullet elsker andre barn, og kusine Lea er ein stor favoritt. Her er ein video fra da vi var heime i forrige veke.

mandag 23. november 2009

I dag har vi vore på 6 måneders lgekontroll og lille jenta er frisk, rask og tidlig ute. Etter dette gjekk vi ein lang tur i øspøs. Ho låg godt og sov i vogna, mens mammaen, fordi ho ønska at jenta skulle få frisk luft og søvn, vandra rundt uten regnklede og vart derfor våt fra innerst til ytterst. Svømminga som begynte igjen i dag var litt skuff. Vi kom i ei blandingsgruppe, der dei andre var mellom 1-2 år og hadde gått fleire kurs før. Dette gjorde at vi ikkje kunne vere med på alt og vart ein del for oss sjølv. Ikkje at det å vere for oss sjølv i utgangspunktet gjer noko, men da treng vi ikkje gå på kurs. Kursdama var superflink, så er bare sammensettinga som var dum. Tenker vi prøver å melde oss av, og heller halde vedlike det vi har lært så langt sjølv og så kan vi melde oss på eit nytt kurs etter jul. I morgatidleg kjem mamma mi til frukost - vert så kos!


Tulla i fine-fine buksa mormora har strikka.

lørdag 21. november 2009

Hipp Hurra for Tulla



Da har jammen meg lille jenta vår blitt eit halvt år, i går altså. Ho vart sjølvsagt feira med gaver, besøk og kake. Og vi foreldre, som i utgangspunktet ikkje ønska så mykje leikar til jenta, gjekk i fella og kjøpte gave. No skal det seiast at vi sjølvsagt ønkser leiker til tulla, bare ikkje så grådig mange og ikkje så innmari store, siden plassen vår er heller begrensa. Men eg ser jo kor utrulig gøy ho synes det er når ho ser noko nytt. Treleiker og sånne leiker der det skjer noko når ho gjer noko, står høgt på ønskelista. Etter at gullet, trøtt som ein strømpe, sovna godt i senga si, fortsatte vi litt eldre feiringa med eit glas vin og spel med gode vener. Alias er eit fantastisk morosamt spel, som eg trur alle vil finne gøy. Vi vart i allefall kjempe ivrige alle saman, og lo og tulla mykje.

I dag får vi lunsjbesøk av ein tidligere kollega av meg, skal bli veldig koselig å sjå ho igjen. Pappaen i huset skal dessverre på jobb. Håper vi vinn i lotto snart, slik at han ikkje må jobbe annankvar helg. Vi vil ha han meir heime! Utenom dette byr nok laurdagskvelden til oppgaveskriving for min del. Ikkje kome noko lenger, så på tide å få gjort noko.


Pakke er gøy!


Litt kos med gode Ida, som og kom med gave.


"Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans"


Spanande pakke som lyser fra mormor.






God laurdag!

torsdag 19. november 2009

Da er vi tilbake


Bestemor kos

Etter ein liten tur heime er vi no tilbake i storbyen og bloggeverda. Det var kjempe kos å treffe, klemme, kose og mase med alle saman. Det vart ein lang dag for tulla, som allikevel var blid som ei sol, for det meste. Her kjem eit lite bilderas fra helga og dagane heime.


Onkelkos.................................Den nye, lille verdsborgaren


Vi baker pepperkaker. Litt tidlig julekos.


Kos med mormor


Tulla elsker kusina, det viser ho ved å dra seg sjølv inntil ho med hjelp av Lea sitt hår, og så susse (bite) ho i nasa. Utrulig tålmodig og god kusina er.


fredag 13. november 2009

Eg elsker sjokolade



Eg elsker, elsker, ELSKER sjokolade, så takk og lov for dei 15 kr eg hadde i lomma på vei heim fra Blindern. Lommaboka mi fann eg ingenstads før vi skulle skynde oss ut døra, så det vart Kristiandsandsfolket som måtte betale. I dag har vi kost oss med Sara, Roy, Bertine og Benjamin i byen. Det var så deilig å vere saman med dei, bare så synd det ikkje vart lenger. I ettermiddag og kveld har meg og tulla vert på Blindern. Skal tidlig krøkas som student..I morga flyg vi avgårde heim, etter ei ny økt på universitetet. ÅÅÅ så vi gledar oss til å sjå og klemma alle!


Glad i deg Saravennen min!

onsdag 11. november 2009

Oppgaveskriving

Er midt i oppgaveskriving, eller lesing heite det vel, da eg fortsatt ikkje har begynt å skrive. Nei no underdriv eg faktisk, har skrive ein del på gruppeoppgava og sendt den videre til gruppa. Den individuelle går det heller dårlig med. Hadde trua på at eg skulle få gjort mykje i dag, men der tok eg skammelig feil. I dag bestemte tulla seg for at ho ville bli kosa og leika med heile tida. Eigentleg er ho blitt superflink til å liggje på golvet og underhalde seg sjølv. Så håper på større effektivitet i morgen.
Derfor ingen bilder, film eller fleire ord her i fra i kveld.

mandag 9. november 2009

Fantastiske oversetter

Lo så tårene triller her i stad, da eg prøvde oversetteren. Mulig nynorsken gjer den ekstra dårlig, men den var i allefall lite å skryte av. So I am sorry, to you potential English readers.

Har så vidt begynt på eine oppgåva eg skal skrive før 30 november. Blir sikkert greit når eg kjem i gang, men nett no er da litt tungt. Trur forresten eg fortsatt er litt i ammetåke, uansett er det greit å ha noko å skylde på. Har klart å kvadruppelbooke helga - er det mulig? Først kjøpte vi togbilletta heim, endelig skulle vi faktisk reise saman heim til vestlandet. Deretter inviterte eg ei venninne på lunsj lørdag, før det gjekk opp for meg at eg faktisk skulle på Blindern på studiehelg både fredag og lørdag. Noko som forøvrig er obligatorisk, og det gjekk opp for meg at det andre måtte avlysast, eller heldigvis flyttast. For å toppe det heile klarte eg entusiastisk å rope JA i mobilen, da ei venninne fra Kristiansand ringte og spurte om det passa å henge saman med ho og sønen denne helga. Eg spør igjen - er det mulig? Etter forhalda har det ordna seg ganke så bra. Snille mammo mi kjøpte ny flybillett til meg heimn lørdag ettermiddag. Og lillegull, sjølvsagt. Men ho slepp vi å betale for ei stund til framover. Kristiansandbesøk skal vi finne på noko morosamt med på fredag, og laurdaglunsj er flytta til neste laurdag. Einaste er at vi ikkje får dra saman heile familien, da pappaen dreg med torsdagsbilletten. Uansett - vi gler oss kjempe mykje til å klemme dykk alle saman! Og endeleg skal vi få treffe lille Erle.

På bytur i dag fekk vi endeleg tak i ein babyfeeder. Ganske smart eigentleg, da den gir mulighet for lillegull å smake ulike frukt og grønsaker utan at vi må mose og ho kan sjølv få putte i munnen. Klare sjølv byrjer ganske tidlig. I dag fekk ho smaken på pære. Slik såg det ut.

søndag 8. november 2009

Pappas dag

Siden vi ikkje fikk telefon fra Hamar i går heller måtte flinke, gode pappamannen på jobb i dag og. Han er så flink med studier, familie og jobb. Gode kjærasten min! Før han dro fekk han i allefall servert favoritt frukosten - egg og bacon. Dessverre mangla bønnene, som vissnok skal gjere denne feite retten sunn. Uansett, koselig frukost vart inntatt og to interiørblader og ein kick låg fint pakka inn i aliminiumsfolie ved sida av tallerkenen. Så første farsdagen vart no litt feira. Min gode pappa har eg ringt og gratulert, i og med at han er så langt vekke vart det kun med ein telefonklem.

Til tullas oldemor: No har eg lagt til ein slik oversetterfunksjon som vi prata om for lenge sida. Knappen ligg nede på høgr sida. Har ikkje kvalitetstesta den, så kan ikkje love kor god den er. Ja, tulla har faktisk ei oldemor som er ein reser på dataen. Super tøfft.



God veke!

lørdag 7. november 2009

Morgonstund har gull i munnen


Litt dårlig bilde lasta opp fra mobilen.

Veeeeeldig tidlig å stå opp når klokka er halv seks, spesielt når eg ikkje kom meg i seng før halv ett. I tillegg var vi våken fra halv tre til tre, for ei lita matstund. Samtidig skal det seiast - noko bedre å vakne til det finnes ikkje. Lykke!! Det er heilt fantastisk å få vere sammen med det lille lykketrollet kvar dag. Ho er bare så deilig, god og sprudlande. Ser meir og meir personlighet for kvar dag som går.

God laurdag!

torsdag 5. november 2009

Det snør det snør tiddilibom

I dag, eller eigentleg seint i går, dalte dei første snøfnugga ned. Det er eit sikkert teikn på at det nærmer seg jul, noko vi har begynt å forberede ved å drikke julebrus. Eg og tulla har gått oss ein lang tur i vårt nye nærområde, slottsparken. Surt var det faktisk, så lata som om det var litt deiligare enn det eigentleg var. Første snøturen til tulla skulle jo vere hyggeleg.

Her er vi på tur. Du kan skimte huset kor kongen bur i bakgrunnen.

onsdag 4. november 2009

Å kunne strekke seg

Det er så fantastisk deilig å endeleg kunne strekke seg igjen. Eg kjenner no at den andre leiligheten kunne ha kvalt oss, så jammen godt at vi har flytta og no får puste. Her er det meir enn 3,5 meter under taket og store vindauger, derfor svært luftig og godt. Har brukt heile dagen på å rydde på plass ting. Merkeleg kor mykje vi endte opp med å ta med oss, enda vi kun skulle pakke det vi trengte for dei neste tre månadane. Tullemor virkar og som ho stortrives. Har akkurat meldt meg og lillegull på yogakurs fra midten av november - det skal bli deilig. Godt for rygg og sjel, pluss at vi lærer babymassasje. No luarar eg på sconesbaking, men burde vere sunn..

Kveldskos foran peisen

Ny leilighet med glatte golv og peis

søndag 1. november 2009

Søndagstur til Nesodden

Onkel Jørn sitt ønske for søndagen var ein tur ned Nesoddenferga,
noko som var ein ypperleg ide sidan vi lenge har prata om å besøke
Kristine der ute på øya. Nordlendinga kan å servere. Vi fekk utrulig
deilig gresskarsuppe med heimebakt brytebrød til. Ja, gresskar kan
faktisk brukes til anna enn å lage lykter av, om du ikkje visste det.
Såg forresten årets kpnkurranse på tv i går; utskjering av gresskar
på havets bunn. Å premien, hold pusten, et gratis dykk. Uansett, en
veldig koselig søndag. Føler oss litt sånn voksne no. Det med å
ringe noen å si at " du vi er på veg over med ferga no, er dokke
heime?" "ja, men supert, da stikk vi innom". Og så får ein
søndagsmiddag og så må ein heim og leggje barnet. Veldig voksent.