Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

torsdag 25. februar 2010

Ein smule stolt..



Vi har verdens deiligste, blideste, besteste godjente som øver og øver på å reise seg sjølv. Veldig stolt mamma!

I dag er eg dessuten ganske så stolt av meg sjølv og. Gitt kven som har sydd buksa tulla har på seg? Jo, det er meg. Ingen Jantelov her i gården - eg er super fornøyd og stolt! Trudde virkelig ikkje handarbeid låg heilt for meg..



mandag 22. februar 2010


Lille luring. Ho er blitt kjempe flink til å gå når vi heldt ho i henda og med gåvogna. Ellers øve og øve ho seg på å reise seg uten å halde seg i noko. Så deilig trygg, men litt skumelt, at ho bare slepp seg og vi tar i mot. Samtidig ser det ut til at ho forstår at ho kun må gjere det når vi er i nærleiken.


Lesestund med pappaen.

torsdag 18. februar 2010

Er det mulig å vere så rotete?


Fra morsdagen på søndag

Kjennes ut som eg sei det ofte, men gjer det igjen, huttetu så tida flyg fort om dagen. Akkurat no vart eg litt fortvila, finn ikkje mobilen min. Oppdaga det først no når eg skulle laste opp ein video der i fra. Fra før av finn eg ikkje lommeboka mi, den forsvann i går. Kva er det som skjer?? No blir det ein episode med eit eller anna hjernedødt noko, før eg kryp i seng. Må vel vente til i morgo med å etterlyse eigendelane mine. Posten? REMA1000?


Kveldstell og kos

lørdag 13. februar 2010

Kjoleprosjekt fullført



Mitt første syprosjekt er gjennoført og eg er super fornøyd og ein smule stolt. Eg har sydd ein kjole til tulla, i brun cordfløyel. Den er i størrelse ett år, så fortsatt litt stor. Endelig fekk eg brukt litt av den kule 70-talls duken eg kjøpte på bruktmarked i fjor haust.


I aksjon





Ellers har vi vore på kafe med Camilla og Kristina, som er på Oslo tur i helga, og Ida. Kjempe koselig å bare sitte og mase om alt og ingenting.

Lille jenta storkosa seg med mykje oppmerksamd.

Nyt morgondagen alle mødre, kjærastar og fastelavenar!

onsdag 10. februar 2010

Kveldskos

tirsdag 9. februar 2010

Kafetur med Ida på søndag


God morgen

Søndag tilbrakte vi saman med gode Ida. Kjærasten var på jobb, igjen. Det var nydeleg ver og deilig stemning ute. I alle parkar og bakkar vi passerte såg vi folk som aka og høyrde ivrig barnelatter.


Ein tur innom Sagenesamfunnshus, som virkelig er ein plass å anbefale. Eit levande samfunnshus.


Tulla leika kjempe fint i leikekroken. Spanande med masse nytt.


Ho søv godt i Mei Taien. Veldig fornøgd med den altså, da den er utrulig god støtte i.

søndag 7. februar 2010

Lykke




I dag, sånn cirka, har eg og kjærasten vore kjærestar i 5 år. Sånn cirka kjem av at vi ikkje hugsar når vi vart saman, ingen av oss. Men vi meiner det var første helga i februar. Da guten spurte jenta, sundag morgon, om ho ville vera kjærasten hans. På god gamaldags, barneskule vis. Jenta vart, og var allerede, ganske så sjarmert og svara ja med eit smil. Heldigvis. Dette tiltross for at guten budde heime hos mor (dog ei svært koselig mor). Eller i eigen leilighet i kjelleren da, utan eige bad, kjøkken eller kjøleskap. Dette med datoar er ikkje så grusomt viktig. Ingenting kjennes vel betre enn å få ei overrasking på ein heilt vanleg dag?

5 år er lenge, og kort, og har gått ganske så fort. Vi har opplevd og gjort mykje saman. Tatt opp til fleire samlivstestar. Telt har blitt slått opp, 3 måneders reise i eksotiske strøk (mindre eksotiske sovestader, gått oss vill utan mat og drikke)og eit heilt år på 16 kvadratmeter (var høgt under taket da), nesten uten mat og drikke. Vi fann ut at vi kvalifiserte og skulle mestre det meste. Høgdepunktet kom i fjor vår - lille, vakre, gode, fantastiske tulla vår.



Ein heilt ubeskrivlig tur til Machu Picchu.



Solnedgang i Mancora, Peru.



Første deilige solglimta på trappa utanfor leiligheten vår i London.


Parkliv med sjampanje

Og innimellom her, leilighetkjøp, oppussing, jobb, skule, forventningar, loppemarknader, kvardag, fest, familie, vener, graviditet, fødsel, lykke, glede og mykje meir.

lørdag 6. februar 2010

Om å henge i skjørtene..



Eg ser for meg husmora på kjøkkenet, i langt mørkt, skjørt, med to tre unger hengende i skjørtekanten. Slik kjenner eg meg om dagen, bare at det kun er ei lita jente og at eg ikkje går i skjørt. Stakkars tulla har vore sjuk denne veka, med høg feber. Og da er det kun mamma sitt fang som gjeld, og det helst heile dagen lang. Vi har derfor holdt oss inne siden mandag. Pappamannen har hatt masse å gjere på skulen, så han har komme seint heim. Men stor lykke når han først kjem - både for mor og barn. Ho er heldigvis kvitt feber no, men fortsatt snørrete og hostete. Lykke for mor var det og at Ida tok mor med ut på luftetur i går kveld. Deilig. No er det kaffikos og lørdagskviss med kjærasten, mens godjenta søv. Følger eit lite bilderøsj, om nokon skulle vere utsulta på det.






Skal tidlig krøkast - les pappa sitt Tekna.


Ei litt redusert jente, men ved godt mot.

Ha ei strålande helg!