Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

fredag 25. juni 2010

Deilig hyttetur til Gol og ny tur nærmar seg

AHHHHHHHHH no hadde eg skrive eit langt innlegg og jobba masse med plassering av bilete. FSA (banne banne). No har eg ikkje tid da eg er på vei for å vaske ut leilighet til ei god venninne.  

Uansett, da kaster inn nokon bileter fra den deilige hytteturen forrige helg. Fantastisk på fjellet om sumaren altså. Å anbefale. Det var så stille, alng vekke fra storbyen sin mas og kjas. Gode vener, god mat, fantastisk natur. Kan det bli betre? Einaste må bli neste sumar når også lille Mari er med, og ho og Frøken Fryd kosar seg saman. Lykke. 








 

fredag 18. juni 2010

Nokre bilete fra veka som har føke forbi

Vi er på vei til Gol på hyttetur. Lykke. Glede oss så utrulig til å
sove uten bilmas.

lørdag 12. juni 2010

Varm og stolt

Eg fekk ein fantastisk invitasjon til 10C sin avslutning. Dette er klassen eg hadde før eg gjekk ut i permisjon. Eg hadde dei i 8 og 9. Min første klasse. Ein heilt spesiell gjeng med flotte, omtenksomme, oppegåande og reflekterte (for det meste) ungdommer. Klarer ikkje heilt å tenkje at eg kan vere så heldig igjen. Det har vore utrulig spanande å bli kjent med dei og vore med på dei prosessane og den utvikla dei har gått i gjennom på tre år. Den er rivande altså. Da eg leste invitasjonen trilla det eit par tårer nedover kinna mine. Dei har skreve så mykje fint, eg er så rørt og ydmyk. Den byrjer med sitatet "the best teacher teach from the heart, not from the book". Gleder meg til å takke dei på mandag! 


God helg vidare!

torsdag 10. juni 2010

Vestlending


Har dei to siste dagane oppdaga veslendingsida ved meg igjen. Ein regnfull Oslo er lik ingen på leikeplassen. Eller to da, meg og lille frøkna. Vi, i allefall ho, storkosa seg. Ingenting er jo så kjekt som å plaske i vatn. Herlig. Eit lite tips til vått utstyr er å bruke "handlekrokane" på vogna, da får det renne av seg på gåturen heim.

onsdag 9. juni 2010

Regnfull ettermiddag

tirsdag 8. juni 2010

Blogglandia

Denne internetverda er ein merkelig stad. Ein les, snikles og føler etterkvart at ein kjenner mange av dei andre som rører seg inne i blogglandia. Samtidig er det liksom ei eiga verd, og ein gløymer kanskje at det er virkelige mennersker, fra den virkelige verda, ein eksponerer seg sjølv for. Ein kan jo faktisk møte på nokon som har sett deg før, og som du har sett før. Som veit masse om deg, enda de aldri har prata saman før. Merkelig. Dette skjedde i allefall i dag. Og det var ein kjempe koselig opplevelse.  På leikeplassen i dag traff vi søte Mona og enda søtere Daniel. Eg hadde gløymt kamera, men trur mammaen til Daniel tok nokon.

Ellers har eg sydd ei ny knytebukse til Lille Frøken Fryd. Er ho ikkje søt?