Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

tirsdag 27. april 2010

mandag 26. april 2010

Lykke med leikeplass



Vi har oppdaga gleda ved leikeplass. Sandkasse, rutsjebane og ikkje minst mange andre barn å studere, ta på og stjele spader fra. Ikkje mykje redd denne jenta her nei. Utrulig morosamt å sjå korleis ho utforskar omgjevnadane. Kjenner på sanden, kastar seg på magen og sym i den og kastar den rundt seg. Inn i auga.

prøver å laste opp ein video, men teknologien er vist ikkje godvener med meg om dagen.

søndag 25. april 2010

1 årsdag

Hipp Hurra for Olai som fylte 1 år forrige dagen og som vi feira i dag! Ein super koselig dag med gaver, god mat, leik og morro, både for små og store. Tulla her storkosa seg med "nye" leikar og andre ungar rundt seg. Ho kjem nok absolutt til å trives i barnehagen, som vi forresten har fått plass i til hausten. Ikkje førstevalget, men er kjempe nært heimen, så vi er fornøgde.

Har tenkt mykje på arv og miljø i dag, men det får eg tenke vidare på og dele i morgo for no kom kjærasten inn døra.

Ein god mandag ønske eg dykk alle!

Får dessverre bare feilmelding fra google når skal laste opp bilder, så prøver igjen om litt.

Oppdatering..



Bursdagssuss. Herlig.

torsdag 22. april 2010

Morslykke

Så lykkelig over mitt fantastiske lille troll. Det er fantastisk å vere mamma. Heilt fantastisk. Over all forventning, fortalte ei venninne meg tidligere i dag. Før ho fekk barn sjølv synes ho det var så mykje prat om kor trøyt ein var heile tida, kor lite soving det var om natta, lange skrikebyer ein måtte gjennom og igjen, trøtthet. Og det er gjerne sant det, at det fort vert til at ein prater om kor mykje barnet søv, et, skrik, bæsjer og antall ammerunder på natta. Ikkje alt det ubeskrivelig nydelige ein opplever. For det er jo så deilig, og godt og varmt, leikande, morro, overraskande, nært og litt skummelt. Mange mange ganger, kvar dag, strøymer denne lykkekjensla på. Lykke.

onsdag 21. april 2010

Bloggtørke, ferie,permisjonslutt og merkelapperioden er over



Tida flyg, veit det ofte blir sagt, men det er heilt sant. Tenk at vi her i heimen no har ei 11 månader gamal jente, som er høgt og lavt, dagen lang. Og kanskje litt for mykje på natta. Det går vel i perioder, påstår dei. Trur forsåvidt på det, bare litt lange perioder her. Trur vi kan skimte ei tann opp no. Hadde vert supert, for dei har ho jobbe lenge med stakkar.

Det er så mykje å skrive og fortelje. Trur nok det er det som har ført til denne langvarige skrivetørka. Blir liksom så uoverkommelig, samtidig som eg ikkje vil gløyme eller utelate noko eller nokon. Høgdepunktet i denne perioden var 2 veker i deilige Portugal med svigerfamilien. Den er forsåvidt ganske deilig den og, svigerfamilien altså. Det er ikkje mange svigerfamilier i denne verden eg kunne reist aleine ei veke på ferie med, da kjærasten vart holdt igjen grunna studier. Så takk så masse for ein super tur alle saman! Og kjære "oldemor" - du rocker! Trøya er på fram, men mulig strikkehjelpen trengs snart.

Etter dette suste eg og tulla på ein snarvisitt heim. Godt. Ho er reisevant denne jenta, trur ho nærme seg 20 flytura.

Eller er dette siste veka av permisjonen min. Lykke for at eg bestemte meg for gradering og har jobba kvar fredag dei siste 8 vekene, og dermed kan vere heime ein dag i veka dei neste åtte. Noko som akkurat rekk fram til skulenferien byrjer. Anbefales alle! Har vert kjempe kjekt å gå på jobb, møte folk igjen , både kollegaer og elever.

Her kjem eit lite bilderas fra turen.

Det er hemmelig kva vi ser..


Finingane mine


Pappaen bader


Togtur Dansane oss, på restaurant..


Tante, onkel og nydelige kusina.




Typisk bra feriebilde..


Deillig kos på flyet heim.


Fikk overraskelsebesøk av onkel i går kveld. Kjempe koselig.

Forresten, svigerfamilie, vil gjerne få tilgang til litt av dokkers bilder, da vi hadde fullt kamera og ikkje fikk tatt så mange.