Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

torsdag 28. januar 2010

Puss pus så får du en suss..



Ei nybada og fornøgd jente pusser dei to små, skjønne tenna sine. Vi må krangle litt for å få åne tannkosten og hjelpe til med litt pussing. Ellers er livet fortsatt godt. Vært ute og gått tur i det strålande veret og deretter laga to kilo kjøttkaker. Endelig klarte eg å age nokre middager til vesla og, noko eg har tenkt så lenge. Eg skulle jo sjølvsagt lage all barnematen, det var jo planen, før ho kom til verden var det planen. No innser eg at noko kjøpemat blir det og, veldig lettvint. Uansett, snart et ho jo det samme som oss. Herre så tida flyg. Pappamannen er ute og feirar det strålande eksamensresultatet og eg skal no slakke i sofaen. Trur eg.

mandag 25. januar 2010

fredag 22. januar 2010

onsdag 20. januar 2010

Ut på tur..



I dag har vi trilla ein lang tur og vore ein tur på kino. Kjekt kjekt. Akkurat no er eg ein smule irritert. På laurdag var eg og kjøpte maling til dei to stolane vi har til spisebordet - lilla og turkis. Gøyalt. No fekk eg endeleg ræva i gir og fingen ut og satte i gang med pussing og maling. Da eine stolen var ferdig malt, turkis og fin og eg fornøgd åpna spann to vart eg ganske så skuffa, og litt sint. Det var turkis maling i det spannet og. Var ikkje det eg ba om! Uansett, då får eg lage vafler til kjærasten som står nede i boden og jobbar, tenkte eg. Røra er ferdig og bordet dekka, men kor er vaffeljernet? Joda, det har vi gløymt i leigeleiligheten. Er det mulig? No blir det tjukke pannekaker.

tirsdag 19. januar 2010

Morgonstund er gull i grunn..





Koseleg frukost hos famillien oss. Den inntas av det superkule frukostsettet vi fekk av søstrene til jul. Her står alt bra til, lenge sidan eg har oppdatert her på bloggen, har ikkje hatt hverken overskudd eller lysten, og da er det ikkje noko vits. Veit ikkje om eg er heilt overbevist enda heller, men gjer det eit forsøk. No er vi kome i orden i heimen, utrulig deilig. Da vi kom heim på mandag, etter 18 timer på reise, stod det fra golv til tak med kasser og møbler. Var forresten ein deilig sydentur, storkosa oss i varmen.

Med det lille trollet har det skjedd masse sidan vi dro fra Oslo og heim på juleferie.Tusen, tusen takk til alle heime som gjorde juleferien så god!! Super glad i dykk alle!
Milepæler:
Tann nummer 2, nede til venstre
Lille julafta, ved kveldsstellet, på badet til bestingen, satt ho seg opp sjølv for første gang
Torsdag 14, i senga på ferie, reiste ho seg opp for første gang. No trippar ho små skritt langs senga og når vi heldt ho i henda.
Vi har tatt opp høgstolen til ho, gamal, brun og fin. Så no sit ho og et med oss, utrulig koselig.
Leiker "titt tei" leiken, og gjøymer seg sjølv.
I dag åt ho skjeve med leverpostei delt i små biter, heilt sjølv. Mykje landa i lomma på smikka, men ei veldig fornøyd og stolt jente.

Flinke jenta vår:)



"Eg kan reise meg sjølv"




Mmmm..sand smakar godt..


Kjempe koseleg reisefølge


onsdag 6. januar 2010

Deilige dager utanfor kysten av Afrika