Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

fredag 25. juni 2010

Deilig hyttetur til Gol og ny tur nærmar seg

AHHHHHHHHH no hadde eg skrive eit langt innlegg og jobba masse med plassering av bilete. FSA (banne banne). No har eg ikkje tid da eg er på vei for å vaske ut leilighet til ei god venninne.  

Uansett, da kaster inn nokon bileter fra den deilige hytteturen forrige helg. Fantastisk på fjellet om sumaren altså. Å anbefale. Det var så stille, alng vekke fra storbyen sin mas og kjas. Gode vener, god mat, fantastisk natur. Kan det bli betre? Einaste må bli neste sumar når også lille Mari er med, og ho og Frøken Fryd kosar seg saman. Lykke. 








 

fredag 18. juni 2010

Nokre bilete fra veka som har føke forbi

Vi er på vei til Gol på hyttetur. Lykke. Glede oss så utrulig til å
sove uten bilmas.

lørdag 12. juni 2010

Varm og stolt

Eg fekk ein fantastisk invitasjon til 10C sin avslutning. Dette er klassen eg hadde før eg gjekk ut i permisjon. Eg hadde dei i 8 og 9. Min første klasse. Ein heilt spesiell gjeng med flotte, omtenksomme, oppegåande og reflekterte (for det meste) ungdommer. Klarer ikkje heilt å tenkje at eg kan vere så heldig igjen. Det har vore utrulig spanande å bli kjent med dei og vore med på dei prosessane og den utvikla dei har gått i gjennom på tre år. Den er rivande altså. Da eg leste invitasjonen trilla det eit par tårer nedover kinna mine. Dei har skreve så mykje fint, eg er så rørt og ydmyk. Den byrjer med sitatet "the best teacher teach from the heart, not from the book". Gleder meg til å takke dei på mandag! 


God helg vidare!

torsdag 10. juni 2010

Vestlending


Har dei to siste dagane oppdaga veslendingsida ved meg igjen. Ein regnfull Oslo er lik ingen på leikeplassen. Eller to da, meg og lille frøkna. Vi, i allefall ho, storkosa seg. Ingenting er jo så kjekt som å plaske i vatn. Herlig. Eit lite tips til vått utstyr er å bruke "handlekrokane" på vogna, da får det renne av seg på gåturen heim.

onsdag 9. juni 2010

Regnfull ettermiddag

tirsdag 8. juni 2010

Blogglandia

Denne internetverda er ein merkelig stad. Ein les, snikles og føler etterkvart at ein kjenner mange av dei andre som rører seg inne i blogglandia. Samtidig er det liksom ei eiga verd, og ein gløymer kanskje at det er virkelige mennersker, fra den virkelige verda, ein eksponerer seg sjølv for. Ein kan jo faktisk møte på nokon som har sett deg før, og som du har sett før. Som veit masse om deg, enda de aldri har prata saman før. Merkelig. Dette skjedde i allefall i dag. Og det var ein kjempe koselig opplevelse.  På leikeplassen i dag traff vi søte Mona og enda søtere Daniel. Eg hadde gløymt kamera, men trur mammaen til Daniel tok nokon.

Ellers har eg sydd ei ny knytebukse til Lille Frøken Fryd. Er ho ikkje søt?

Om å oppføre seg på leikeplassen

Nokon folk altså. Nokon er virkelig usmakelige. På leikeplassen her forrige dagen var det ein gut med faren sin. Etter litt kom det ein onkel, eventuelt kompis av far. Godt mulig det var det siste. Uansett, denne kompisen dro ein is opp av posen sin og spurte, mens han drar veldig på det, om guten vil ha is. Guten er litt treig på å svare, kor på mannen er kjapp og seier at han har svært lyst på isen sjølv. Kven kjøper ein is? Deretter kjefter mannen litt på ei lita jente (ikkje mi) som prøver å låne bøtta til guten. Deretter sett denne sjarmerande mannen seg på ein benk, heilt opp med sandkassen, fyrer i ein rullings og sprett ei øl. Virkelig sjarmerande.

Eg har mange ganger undra meg over kva som får folk til å kaste sigarettstumpar og anna drit i sandkassane. Alle forstår vel, eller tydeligvis ikkje, at  dei små, som sandkassen er der for, putter alt i munnen. Skjerpings.


Over til litt hygge, etter ein liten utblåsning, bileta fra ein deilig ettermiddag med grilling og undersøking av elvebunnen.



søndag 6. juni 2010

Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinnet. Og hvor den skinner.  Lykkelige store og små om dagen!























lørdag 5. juni 2010

Fantastisk sommerdag



For ein herlig dag. Strålande sol, varme sumarkroppar med solkrem, solbriller på, grill, salat og ikkje minst gratis konsertar i heile Oslo by. For eit konsept. Heilt utruleg. Tidlegare heit det "Musikkens dag", no skifta til "Musikkfest Oslo". Eit yrande folkeliv, smilande store og små overalt. På slike dager nyt vi virkelig Oslolivet. Kvifor er det ikkje meir slikt i Bergen? Det skapar ein levande, glad by.

fredag 4. juni 2010

Før og etter


Lille jenta er klar for å reise...ut på eventyr


Sliten og fornøgd på vei heim. Kor fornøgd ho her kan nokmålast etter kor møkkete ho er. Og møkkete er ho. Sjå på føttene hennar.

No er vi på vei ut på nye eventyr. Vi elsker sommer! Ha ein deilig dag kjære du!

tirsdag 25. mai 2010

Bilder fra feiring


På dagen feira vi med nokon gode vener, mormora og så kom bestefaren på overraskingbesøk, noko som var veldig kjekt. Tusen takk for alle flotte gaver. Vi er så fornøgde altså!! Alle tre.


Søndag feira vi enda litt meir. Sjekk ut dei to bileta av småtrolla i graset. Tre må hatter på tur (trykk på bilete så vert det større).

Pappaen i huset har levert oppgava si, og sit no og søv i stolen vd sida av meg. Tusen takk til snille mamma som har vert her og hjelpt oss. Savner deg.

torsdag 20. mai 2010

Hipp Hurra for ettåringen vår!

alt=""id="BLOGGER_PHOTO_ID_5473464155934540018" />
Tenk at gode jenta vår er ett år. Ho er bare heilt fantastisk

Ett år tilbake i tid, under ein time har ho vore hos oss.





Lille Fryd har også et ganske så trøtt morgenansikt.

Tusen takk for alle gaver og ein kjempe koselig dag. Med mormor, bestefar og gode vener vart det ein super dag. Fleire bilder og skriveri kjem i morga. Trøtt mamma må no i seng, før nynorsk eksamen på elevane i morga.

onsdag 19. mai 2010

Dei første små

I dag har lille frøken fryd tatt sine første steg. Strengt tatt tok ho sitt første steg for eit par veker sida, men det vart det eine i dag. I dag, dagen før ho fyller ett, tok ho mange steg, i fleire omganger.

Sjå kor flink ho er!


Telle vi godt kjem vi til sju små deilige steg.

mandag 17. mai 2010

Gratulerer med dagen


Vakre jenta vår, pynta med min gamle bunad, som mi mormor sydde til meg.

Her kjem eit lite bilderas fra ein fantastisk dag med store deler av familen saman med oss. Også ein del bilder frå dagane dei har vore her.


Så utrulig koselig med familien på besøk.



Morro!


Fine festpynta jentene. Så stolt!


"Hopp i havet" leikeland var stor suksess, både for store og små.


Vi har henta eine søstra mi heim fra Nicaragua, utrulig deilig å sjå ho igjen.



Lille frøken Fryd fikk eit fantastisk flott piano i bursdagsgave fra to av tantene og store kusina. Dette var virkelig stor stas og ingen, INGEN, får lov å låne det. Utrulig vittig, da dette er første tingen ho viser eit slikt forhald til. Alle som prøver blir skjøve vekk.

mandag 10. mai 2010

Ahha

Ok. Eg gjer opp. Ikkje meir arbeid med overskriftdelen her. No eg er lei, så vi får bare sjå ut som familien gal. Viser heller ein liten videosnutt eller to. Har høyrt rykter om at det er nokon som vert så glad då. Og eg likar å gjere folk glad.

tirsdag 27. april 2010

mandag 26. april 2010

Lykke med leikeplass



Vi har oppdaga gleda ved leikeplass. Sandkasse, rutsjebane og ikkje minst mange andre barn å studere, ta på og stjele spader fra. Ikkje mykje redd denne jenta her nei. Utrulig morosamt å sjå korleis ho utforskar omgjevnadane. Kjenner på sanden, kastar seg på magen og sym i den og kastar den rundt seg. Inn i auga.

prøver å laste opp ein video, men teknologien er vist ikkje godvener med meg om dagen.

søndag 25. april 2010

1 årsdag

Hipp Hurra for Olai som fylte 1 år forrige dagen og som vi feira i dag! Ein super koselig dag med gaver, god mat, leik og morro, både for små og store. Tulla her storkosa seg med "nye" leikar og andre ungar rundt seg. Ho kjem nok absolutt til å trives i barnehagen, som vi forresten har fått plass i til hausten. Ikkje førstevalget, men er kjempe nært heimen, så vi er fornøgde.

Har tenkt mykje på arv og miljø i dag, men det får eg tenke vidare på og dele i morgo for no kom kjærasten inn døra.

Ein god mandag ønske eg dykk alle!

Får dessverre bare feilmelding fra google når skal laste opp bilder, så prøver igjen om litt.

Oppdatering..



Bursdagssuss. Herlig.