Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

lørdag 12. juni 2010

Varm og stolt

Eg fekk ein fantastisk invitasjon til 10C sin avslutning. Dette er klassen eg hadde før eg gjekk ut i permisjon. Eg hadde dei i 8 og 9. Min første klasse. Ein heilt spesiell gjeng med flotte, omtenksomme, oppegåande og reflekterte (for det meste) ungdommer. Klarer ikkje heilt å tenkje at eg kan vere så heldig igjen. Det har vore utrulig spanande å bli kjent med dei og vore med på dei prosessane og den utvikla dei har gått i gjennom på tre år. Den er rivande altså. Da eg leste invitasjonen trilla det eit par tårer nedover kinna mine. Dei har skreve så mykje fint, eg er så rørt og ydmyk. Den byrjer med sitatet "the best teacher teach from the heart, not from the book". Gleder meg til å takke dei på mandag! 


God helg vidare!

1 kommentar:

  1. Så flott at de sier alle de fine tingene til deg.
    Kjemperørt og stolt på dine vegne. Gleder meg til å høre hvordan det har gått... Smiletanker fra Paradis

    SvarSlett