Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

lørdag 26. desember 2009

Julero

Sitter på kjøkkenet til mor og nyt ein kopp varm, deilig, sterk kaffi, mens fantastiske dattera mi sit og leikar på golvet ved sida av. Klokka er kjempe tidlig, som (nesten) begynner å bli en vane. Fra radioen kjem det juleslager på juleslager og på bordet har eg tent lys. Ute lavar det ned. For en lykke!! Vi er så utrulig heldig og det er godt å sette seg ned og tenke og kjenne kor takknemmlig eg er.

Jula så langt har vært kjempe deilig og veldig rolig, akkurat det vi trengte. Masse tid til kos. Julafta var heilt perfekt. Vi vakna hos paa og fekk servert deilig julfrukost. Deretter fekk dei små julgåver fra bestefaren, kvar sitt akebratt, så da bar det på med varme klede og ut i snøen. Lille jenta fant aking kjempe gøy. Først var ho litt skeptisk, men etterkvart vart smilet større og større. Julegrautn vart inntatt hos mamma, der vi tilbrakte resten av den deilige dagen. Deilig pinnekjøtt vart ete under en lang og rolig middag, blir nok 20 år til neste gang vil eg tru. Under treet låg det eit hav av, mange pakka omhyggeleg og personleg inn. Vi fekk så utruleg mykje flott. Tusen takk til alle! I dag er det julebesøk som venter, blir kjekt å få vise fram solstrålen vår. Ho har forresten lært seg å sette seg opp sjølv no, første gang var ved kveldstellet lille julafta. Er fortsatt litt ustø, men veldig stolt, spesielt når vi skryt. Det er heilt tydeleg at ho forstår når vi fortel ho kor flink ho er for da lyser ansiktet enda meir opp og så får ho slik ei stolt mine.

Gode juledager ønsker eg dykk alle vidare!







torsdag 24. desember 2009

søndag 20. desember 2009

onsdag 16. desember 2009

Det snør det snør tiddilibom

Ute daler det lette, små snøflak og inne brenn raude lys og julemusikken durer i bakgrunnen. På sofaen ligg det ein sliten pappamann og snorker, han var på studieavslutning i går. I senga ligg ei vakker tulle og søv morgenkvilen sin. Ved PCen sit ei halvtrøtt mamma og nyt ein kaffipause inni mellom pakking og rydding. I dag pågår det dobbelpakking her i huset. Eg og tulla flyg heim på juleferie i ettermiddag og på mandag skal vi vere ute av leiligheten her. Det vil sei at alt må no pakkast ned igjen, og vi endte sjølvsagt opp med å ta med meir enn vi tenkte og trudde vi gjorde. Er det ikkje alltid sånn? Eg gjer sikkert det samme når eg pakker for heimreise no. Står derfor midt i eit deilig kaos av julegaver, nokon pakka inn og nokon ikkje, kasser med tørrvarer og mat, sekker med klær og sko og eit kreativtrot på stueborda der eg lager gaver, strikketøyet roper strikk og glansbildeenglene daler ned i skjul. Ikkje rart at eg no er i tredje (klokka er ikkje 10 enda)kaffikoppen; for eg kan jo ikkje rydde mens eg drikk kaffi..




Ikkje så lurt å legge sånne ting på golvet pappa..

No gløymde eg nesten å fortelle; resultatet etter ei veke med mykje grønn bæsj og våkenetter er to små, søte tenner. Ho er så skjønn når ho driv å kjenner på dette nye i munnen med tunga si.

Vel, eg må tilbake til kaoset mitt.

lørdag 12. desember 2009

Fantastisk familiehelg

Endeendeendelig har pappaen levert og hatt presentasjon av halvtårsprosjektet og er no tilbake i vår verden, noko eg og tulla er utrulig glad for. Det er så deilig å ha han heime, heilt for oss sjølv. Vi storkoser oss og nyt dagane. I dag har vi bare hatt ein laaaang frukost, leika masse og gått ein tur ned til byen. Var faktisk overraskande lite folk til å vere nest siste laurdag før jul, men erin positiv overraskelse. Kanskje det stemmer dette eg les i media da - at folk tar julehandlinga svært rolig i år, noko som viser seg i salg rundt i nesten alle butikkar.
Vel no er det senga her, driv fortsatt med vakning heile natta igjennom så må prøve å få litt søvn.


Pappakos

Ha ein deilig førjulssøndag i morga!

onsdag 9. desember 2009

Kva skjer?

Kva skjer? Ja det spør eg meg om. Klokka er bare seks og vi er oppe. Det er eg forsåvidt blitt vant med, men desse siste vekene kor ho våkne heile natta gjennom er ikkje blitt vant til. I natt tok eg med penn og papir for å skrive ned når vi var våkne, oppe og amma, for heilt ærlig går det litt i surr. Og det er ikkje rart at eg er trøytt om dagen. Først vakna ho 22, det var jo sjølvsagt før eg la meg. Så sov ho til ett, men frå da av var det nesten kvar time. Klokka to måtte vi inn i stua og gynge, klokka tre klarte eg å roe ho i senga igjen, klokka fire fikk ho mat og klokka kvart på seks starta dagen. Så no får vi sjå kva spanande denne dagen byr på..

mandag 7. desember 2009

søndag 6. desember 2009

Julejul



Takker alle som gjorde gårsdagens juleverksted til en kjempe koselig ettermiddag og kveld. Vi baka og baka og baka. Kjersti kom med heimelaga pepperkakedeig og eg hadde laga to ulike kakemenndeiger. Det vart to deigemner fordi eg ikkje kunne velge i dette mylderet av oppskrifter. Vil kome tilbake med vinnaren, da den eine deigen fortsatt ligg i kjøleskapet. Men den vert bare bedre og bedre, gjer den ikkje? Ellers laga eg gaveposer og julegreier, vi prata og lo og etter dei små var lagt seg tok vi eit glas deilig raudvin.



Jentene i aksjon

Ja for Kjersti og Olai, fra barselgruppa mi, var her og sov over. Utrulig kos med to små troll som leika rundt på golvet sundag morgen. Dei hadde det veldig kjekt saman, mens vi naut lang helgefrukost.


Avispapiret som støtter bordet er nok det mest spanande som finnes i leiligheten.

fredag 4. desember 2009

Når uhellet først er ute...

"Når uhellet først er ut" heiter det så fint når det reklameres for ulike forsikringer, vel då er det ikkje sikkert at det hjelp. Har lært ein ting eller to om forsikringer denne veka, og det er ganske så nedslåande. Visste du at det er du som forsikringstaker som står bevisbyrdeansvarlig? Det vil sei at det er du som må kunne dokumentere at skadeårsaken er ein årsak som kjem inn under forsikringsselskapet sine vilkår? Dette står det om i avtalen altså, men eg trur dei færraste er klar over kva det inneber. For vår del, der hverken rørleggere eller dei fra detector kunne finne skadeårsaken til vannlekkasjen, står vi altså uten dekning fra vår innboforsikring. Etter å ha prata med takstmann igjen, kunne han fortelje at dei fra detector hadde gjort alt av undersøkelser som var å gjere utenom å rive opp golvet. Sjølvsagt kunne vi ha fått nokon til å gjere det på jakt etter årsak, men kva om vi ein ikkje finn noko og vi vert sittande igjen både med buutgifter og eit øydelagt bad. Eller vi kunne ha oversvømt badet igjen, enda meir og lenger enn detector gjorde, men kva om det da går i gjennom og vi står med eit utett bad, der garantien har gått ut (2 dagar etter lekkasjen) og to øydelagde leiligheter, vår og den under, som vi då ville stått ansvarleg for, sidan forsikringa ikkje dekker utett våtrom. Visste du det? Er du klar over alle dei vilkåra i forsikringa di som fortel kva den ikkje dekker? Bad er verkeleg ein skummel ting. Etter å ha prate med ein hyggeleg advokat hjå forsikringsklagenemda og etter å ha lest deira avgjerde i ein mengde tvistesaker kan eg fortelje at sakene vedrørande bad så og sei alltid går i selskapet sitt favør. Dessverre. Det heldige for oss er jo sjølvsagt at borettslaget sitt forsikringsselskap har tatt på seg ansvaret for skaden og omkostningane med reperasjon av leilighetene. Så det er kun utgifter i forhold til å bu utan for heimen vi ikkje får dekka hos vårt forsikringsselskap. Samtidig er ikkje det bare bare, da korttidsleie i Oslo ikke akkurat er billig, betaler 19 000 i månaden her vi bur, som då kjem på topp av huslån og husleige i den ubebuelege leiligheten vår. Så tusen takk til våre snille foreldre som stiller opp og hjelper oss. Vi er kjempe takknemmlig!

No er det mat og badetid her i huset. Pappaen er på jobb, flinke mannen. Kjedelig for oss, og han.. I morgen skal vi ha juleverksatd her, så det vert kjempe koseleg!

lørdag 28. november 2009

Helgeroen har senka seg

Da var det skikkelig helg. Lille gull søv, ferdig med eine oppgava og pcene skal straks leggast vekk. Julesterna lysar så deilig i vindauget og dei raude lysa brenn så fint. Og best av alt - kjærasten har frihelg og vi skal kose oss saman i sofakroken.
I kveld skjedde det forresten noko STORT, hold dokke fast, lille, gode trollet sovna av seg sjølv for første gang. Det er første gang ho har sovna heilt av seg sjølv, uten pupp eller vugging. I går haldt vi på i 54 min, men endte opp med lett vugging. I dag satt eg i senga ved sida av i 33 min, og så sovna ho uten grining. Heilt fantastisk. Blir spanande å sjå i morga.


Svært fornøgd etter kveldsgraut.

God laurdagskveld!

fredag 27. november 2009

Oppave tar tid

Oppgave oppgave oppgave. I morgen skal eg og pappaen bytte roller. Han skal vere heimeverande pappa og eg student. Fleire ord og nokon gode bilete kjem i morga den dag.
Natta

torsdag 26. november 2009

Latterkick

Lille gullet elsker andre barn, og kusine Lea er ein stor favoritt. Her er ein video fra da vi var heime i forrige veke.

mandag 23. november 2009

I dag har vi vore på 6 måneders lgekontroll og lille jenta er frisk, rask og tidlig ute. Etter dette gjekk vi ein lang tur i øspøs. Ho låg godt og sov i vogna, mens mammaen, fordi ho ønska at jenta skulle få frisk luft og søvn, vandra rundt uten regnklede og vart derfor våt fra innerst til ytterst. Svømminga som begynte igjen i dag var litt skuff. Vi kom i ei blandingsgruppe, der dei andre var mellom 1-2 år og hadde gått fleire kurs før. Dette gjorde at vi ikkje kunne vere med på alt og vart ein del for oss sjølv. Ikkje at det å vere for oss sjølv i utgangspunktet gjer noko, men da treng vi ikkje gå på kurs. Kursdama var superflink, så er bare sammensettinga som var dum. Tenker vi prøver å melde oss av, og heller halde vedlike det vi har lært så langt sjølv og så kan vi melde oss på eit nytt kurs etter jul. I morgatidleg kjem mamma mi til frukost - vert så kos!


Tulla i fine-fine buksa mormora har strikka.

lørdag 21. november 2009

Hipp Hurra for Tulla



Da har jammen meg lille jenta vår blitt eit halvt år, i går altså. Ho vart sjølvsagt feira med gaver, besøk og kake. Og vi foreldre, som i utgangspunktet ikkje ønska så mykje leikar til jenta, gjekk i fella og kjøpte gave. No skal det seiast at vi sjølvsagt ønkser leiker til tulla, bare ikkje så grådig mange og ikkje så innmari store, siden plassen vår er heller begrensa. Men eg ser jo kor utrulig gøy ho synes det er når ho ser noko nytt. Treleiker og sånne leiker der det skjer noko når ho gjer noko, står høgt på ønskelista. Etter at gullet, trøtt som ein strømpe, sovna godt i senga si, fortsatte vi litt eldre feiringa med eit glas vin og spel med gode vener. Alias er eit fantastisk morosamt spel, som eg trur alle vil finne gøy. Vi vart i allefall kjempe ivrige alle saman, og lo og tulla mykje.

I dag får vi lunsjbesøk av ein tidligere kollega av meg, skal bli veldig koselig å sjå ho igjen. Pappaen i huset skal dessverre på jobb. Håper vi vinn i lotto snart, slik at han ikkje må jobbe annankvar helg. Vi vil ha han meir heime! Utenom dette byr nok laurdagskvelden til oppgaveskriving for min del. Ikkje kome noko lenger, så på tide å få gjort noko.


Pakke er gøy!


Litt kos med gode Ida, som og kom med gave.


"Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans"


Spanande pakke som lyser fra mormor.






God laurdag!

torsdag 19. november 2009

Da er vi tilbake


Bestemor kos

Etter ein liten tur heime er vi no tilbake i storbyen og bloggeverda. Det var kjempe kos å treffe, klemme, kose og mase med alle saman. Det vart ein lang dag for tulla, som allikevel var blid som ei sol, for det meste. Her kjem eit lite bilderas fra helga og dagane heime.


Onkelkos.................................Den nye, lille verdsborgaren


Vi baker pepperkaker. Litt tidlig julekos.


Kos med mormor


Tulla elsker kusina, det viser ho ved å dra seg sjølv inntil ho med hjelp av Lea sitt hår, og så susse (bite) ho i nasa. Utrulig tålmodig og god kusina er.