Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

onsdag 16. desember 2009

Det snør det snør tiddilibom

Ute daler det lette, små snøflak og inne brenn raude lys og julemusikken durer i bakgrunnen. På sofaen ligg det ein sliten pappamann og snorker, han var på studieavslutning i går. I senga ligg ei vakker tulle og søv morgenkvilen sin. Ved PCen sit ei halvtrøtt mamma og nyt ein kaffipause inni mellom pakking og rydding. I dag pågår det dobbelpakking her i huset. Eg og tulla flyg heim på juleferie i ettermiddag og på mandag skal vi vere ute av leiligheten her. Det vil sei at alt må no pakkast ned igjen, og vi endte sjølvsagt opp med å ta med meir enn vi tenkte og trudde vi gjorde. Er det ikkje alltid sånn? Eg gjer sikkert det samme når eg pakker for heimreise no. Står derfor midt i eit deilig kaos av julegaver, nokon pakka inn og nokon ikkje, kasser med tørrvarer og mat, sekker med klær og sko og eit kreativtrot på stueborda der eg lager gaver, strikketøyet roper strikk og glansbildeenglene daler ned i skjul. Ikkje rart at eg no er i tredje (klokka er ikkje 10 enda)kaffikoppen; for eg kan jo ikkje rydde mens eg drikk kaffi..




Ikkje så lurt å legge sånne ting på golvet pappa..

No gløymde eg nesten å fortelle; resultatet etter ei veke med mykje grønn bæsj og våkenetter er to små, søte tenner. Ho er så skjønn når ho driv å kjenner på dette nye i munnen med tunga si.

Vel, eg må tilbake til kaoset mitt.

1 kommentar:

  1. Ja hun lærer fort åa ta seg frem til di farlige steden

    SvarSlett