Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

onsdag 21. april 2010

Bloggtørke, ferie,permisjonslutt og merkelapperioden er over



Tida flyg, veit det ofte blir sagt, men det er heilt sant. Tenk at vi her i heimen no har ei 11 månader gamal jente, som er høgt og lavt, dagen lang. Og kanskje litt for mykje på natta. Det går vel i perioder, påstår dei. Trur forsåvidt på det, bare litt lange perioder her. Trur vi kan skimte ei tann opp no. Hadde vert supert, for dei har ho jobbe lenge med stakkar.

Det er så mykje å skrive og fortelje. Trur nok det er det som har ført til denne langvarige skrivetørka. Blir liksom så uoverkommelig, samtidig som eg ikkje vil gløyme eller utelate noko eller nokon. Høgdepunktet i denne perioden var 2 veker i deilige Portugal med svigerfamilien. Den er forsåvidt ganske deilig den og, svigerfamilien altså. Det er ikkje mange svigerfamilier i denne verden eg kunne reist aleine ei veke på ferie med, da kjærasten vart holdt igjen grunna studier. Så takk så masse for ein super tur alle saman! Og kjære "oldemor" - du rocker! Trøya er på fram, men mulig strikkehjelpen trengs snart.

Etter dette suste eg og tulla på ein snarvisitt heim. Godt. Ho er reisevant denne jenta, trur ho nærme seg 20 flytura.

Eller er dette siste veka av permisjonen min. Lykke for at eg bestemte meg for gradering og har jobba kvar fredag dei siste 8 vekene, og dermed kan vere heime ein dag i veka dei neste åtte. Noko som akkurat rekk fram til skulenferien byrjer. Anbefales alle! Har vert kjempe kjekt å gå på jobb, møte folk igjen , både kollegaer og elever.

Her kjem eit lite bilderas fra turen.

Det er hemmelig kva vi ser..


Finingane mine


Pappaen bader


Togtur Dansane oss, på restaurant..


Tante, onkel og nydelige kusina.




Typisk bra feriebilde..


Deillig kos på flyet heim.


Fikk overraskelsebesøk av onkel i går kveld. Kjempe koselig.

Forresten, svigerfamilie, vil gjerne få tilgang til litt av dokkers bilder, da vi hadde fullt kamera og ikkje fikk tatt så mange.

1 kommentar:

  1. jeii =) kjekt med oppdatering, var på høy tid :D
    glede meg mye masse te komme bort no, bare nokken veke igjen :D

    SvarSlett