Nokon folk altså. Nokon er virkelig usmakelige. På leikeplassen her forrige dagen var det ein gut med faren sin. Etter litt kom det ein onkel, eventuelt kompis av far. Godt mulig det var det siste. Uansett, denne kompisen dro ein is opp av posen sin og spurte, mens han drar veldig på det, om guten vil ha is. Guten er litt treig på å svare, kor på mannen er kjapp og seier at han har svært lyst på isen sjølv. Kven kjøper ein is? Deretter kjefter mannen litt på ei lita jente
(ikkje mi) som prøver å låne bøtta til guten. Deretter sett denne sjarmerande mannen seg på ein benk, heilt opp med sandkassen, fyrer i ein rullings og sprett ei øl. Virkelig sjarmerande.
Eg har mange ganger undra meg over kva som får folk til å kaste sigarettstumpar og anna drit i sandkassane. Alle forstår vel, eller tydeligvis ikkje, at dei små, som sandkassen er der for, putter alt i munnen. Skjerpings.
Over til litt hygge, etter ein liten utblåsning, bileta fra ein deilig ettermiddag med grilling og undersøking av elvebunnen.