
I dag, sånn cirka, har eg og kjærasten vore kjærestar i 5 år. Sånn cirka kjem av at vi ikkje hugsar når vi vart saman, ingen av oss. Men vi meiner det var første helga i februar. Da guten spurte jenta, sundag morgon, om ho ville vera kjærasten hans. På god gamaldags, barneskule vis. Jenta vart, og var allerede, ganske så sjarmert og svara ja med eit smil. Heldigvis. Dette tiltross for at guten budde heime hos mor (dog ei svært koselig mor). Eller i eigen leilighet i kjelleren da, utan eige bad, kjøkken eller kjøleskap. Dette med datoar er ikkje så grusomt viktig. Ingenting kjennes vel betre enn å få ei overrasking på ein heilt vanleg dag?
5 år er lenge, og kort, og har gått ganske så fort. Vi har opplevd og gjort mykje saman. Tatt opp til fleire samlivstestar. Telt har blitt slått opp, 3 måneders reise i eksotiske strøk (mindre eksotiske sovestader, gått oss vill utan mat og drikke)og eit heilt år på 16 kvadratmeter (var høgt under taket da), nesten uten mat og drikke. Vi fann ut at vi kvalifiserte og skulle mestre det meste. Høgdepunktet kom i fjor vår - lille, vakre, gode, fantastiske tulla vår.


Ein heilt ubeskrivlig tur til Machu Picchu.

Solnedgang i Mancora, Peru.

Første deilige solglimta på trappa utanfor leiligheten vår i London.

Parkliv med sjampanje
Og innimellom her, leilighetkjøp, oppussing, jobb, skule, forventningar, loppemarknader, kvardag, fest, familie, vener, graviditet, fødsel, lykke, glede og mykje meir.