Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

mandag 9. november 2009

Fantastiske oversetter

Lo så tårene triller her i stad, da eg prøvde oversetteren. Mulig nynorsken gjer den ekstra dårlig, men den var i allefall lite å skryte av. So I am sorry, to you potential English readers.

Har så vidt begynt på eine oppgåva eg skal skrive før 30 november. Blir sikkert greit når eg kjem i gang, men nett no er da litt tungt. Trur forresten eg fortsatt er litt i ammetåke, uansett er det greit å ha noko å skylde på. Har klart å kvadruppelbooke helga - er det mulig? Først kjøpte vi togbilletta heim, endelig skulle vi faktisk reise saman heim til vestlandet. Deretter inviterte eg ei venninne på lunsj lørdag, før det gjekk opp for meg at eg faktisk skulle på Blindern på studiehelg både fredag og lørdag. Noko som forøvrig er obligatorisk, og det gjekk opp for meg at det andre måtte avlysast, eller heldigvis flyttast. For å toppe det heile klarte eg entusiastisk å rope JA i mobilen, da ei venninne fra Kristiansand ringte og spurte om det passa å henge saman med ho og sønen denne helga. Eg spør igjen - er det mulig? Etter forhalda har det ordna seg ganke så bra. Snille mammo mi kjøpte ny flybillett til meg heimn lørdag ettermiddag. Og lillegull, sjølvsagt. Men ho slepp vi å betale for ei stund til framover. Kristiansandbesøk skal vi finne på noko morosamt med på fredag, og laurdaglunsj er flytta til neste laurdag. Einaste er at vi ikkje får dra saman heile familien, da pappaen dreg med torsdagsbilletten. Uansett - vi gler oss kjempe mykje til å klemme dykk alle saman! Og endeleg skal vi få treffe lille Erle.

På bytur i dag fekk vi endeleg tak i ein babyfeeder. Ganske smart eigentleg, da den gir mulighet for lillegull å smake ulike frukt og grønsaker utan at vi må mose og ho kan sjølv få putte i munnen. Klare sjølv byrjer ganske tidlig. I dag fekk ho smaken på pære. Slik såg det ut.

1 kommentar:

  1. Jeg ser at babyfeederen var stor suksess :) Så morsomt!
    Hehe, mamma ringte meg her om dagen fordi hun hadde prøvd oversetteren hos meg. Hun trodde det var jeg som hadde oversatt så utrolig dårlig. Det sto bl.a. at jeg bodde sammen min girlfriend. Mamma ble oppriktig bekymret for hva mine australske venner ville tro hvis de gjorde det samme..
    God tur hjem, og lykke til med oppgave!

    SvarSlett