Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.
Da er loppemarkedsesongen i gang. Gjekk ut med haugevis av pågangsmot og iver, og ein smule snue, på jakt etter skattar. Høgt på ønskelista stod spanande stoffer til å sy kjolar til Ada og nye knæsje sofaputar. Dessverre, dessverre var det kun bedritne, Torsteins ord, lopper der. Kjempe skuff. Var så klar til å ta fram symaskina. Uansett, nye muligheter om to veke. Er forresten også på jakt etter ei slik gamal tallerkenhylle ein hadde før i tida, om nokon skulle kome over det. Tenkte eg skulle bruke den som bokhylle til Ada sine bøker, interessant når framsida av bøkene viser.
Torstein er på jobb og lillegull har sovna godt etter eit langt bad i den nye, store badestampen sin.
Alt skal etast og smakast på om dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar