Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

lørdag 31. oktober 2009

Deilig haustlaurdag på bedritent loppemarknad


Først smak av frukt

I dag har pappamannen hatt fri og dette har derfor vore ein spesielt kjekk laurdag. I tillegg er onkel Jørn i byen, så vi har hengt saman med han i dag - kjempe kos. Han skulle eigentleg bu hos oss, men den litle ulykka heime, som har ført til at vi for tida bur på 35 kvm, har gjort at han måtte finne seg eit hotel. Han var velkomen - for vi har hjarterom, og da er det jo og husrom, men kan forstå at det ikkje var super fristande, i og med at vi vaknar klokka seks her og han skulle på konsert og nyte byens mange kveldstilbod.

Som overskrifta tilsei la vi formiddagen til eit av loppemarknadane i byen, men valgte tydlegvis feil, da det ikkje hadde noko særleg å by på, enda til så tidleg vi var der. Uansett, på veg nedover til Karl Johan var det ein blomehandlar som hadde nett slike trekassar som eg jaktar på. Eg spurte forhåpningsfult kvar han fekk fatt i dei, men til min store skuffelse fortalde at at det kun var bedrifter som fekk handle der. Litt etter kom eit av dagens høgdepunkt - vi kunne få kjøpe to av han, og til ein svært billig pris, samanligna med det eg har funne på nettet.


Desse kjem til å bli kjempe fine til oppbevaring, saman med litt lys og ein grøn plante.



Ellers har eg snopa meg nye skor for pengar eg var så heldig å få til bursdagen min. Tusen takk!!



Lillegull, eller puddingen som pappaen kallar ho, har og fått nye ulltøfler.






God laurdagskveld!

2 kommentarer:

  1. En deilig helg med andre ord =) så bra det endelig går ann å kommentere her no:) så kjekt å kunne følge med! kjempe glad i dokke! klem fra tante Randi

    SvarSlett
  2. Så fine bilder!
    Likte veldig godt luen og jakken din på de første bildene:)
    Og skoa var kjempestilige, kjøpt meg noen lignende jeg også når jeg var i London..

    Og sånne kasser vil jeg også ha..hehe..men lite med loppemarked her i Stavanger desverre:/

    Og jommen det for ei søt lita jente med nye tøfler på :)

    Klem fra Stavanger:)

    SvarSlett