Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

onsdag 7. oktober 2009


Ei nysgjerrig tulle.

Babysvømming er super gøy. Tulla skvetter og plasker - virker som ho trives godt i vatnet. Skal ta med kamera neste gang, så skal de få sjå badenymfa. Ellers har eg sydd ferdig første lapp til babygymteppet. Ein smule stolt, om eg må sei det sjølv. Å bli mamma gjer ein visst meir kreativ. Leikekasse, leiketeppe og ullstrikketeppe. Har forresten bestilt ei bok - "sy børneklærne selv", så det skal verte spanande. Boka er ein nyutgivelse av ei dansk bok fra 70-talet.

Her er bilete av første del av teppet. Ei dør ho kan opne og inni finn ho halsen på ein giraff. Tanken er å bruke ulike stoff typer slik at det skal vere mykje forskjellig å ta og føle på. Videre vil eg bruke sterke farger på stoffa. I tillegg skal skal det vere speil, bjellegreier og andre spanande ting ho kan utforske. Oppdateringer kjem.

Snakka nett med mamma på telefonene og ho fortalde meg ein morosam historie som eg tenkte å dele med dykk. Ho har passa niesa mi på tre år i to dagar no. Etter ein lang dag på jobb og i barnehage låg dei på sofaen og tulla og leika. Jenta sei "mormor..no leikar vi. Vi leikar at du dett på golvet". Mormora er med på leiken, slenger seg halvvegs utanfor sofaen og roper "hjelp meg, hjelp meg. Kan du hjelpe mormor?" Da kjem det kjapt fra tulla, "det passer litt dårlig no mormor". Hihi, måtte le høgt. Eit lite gullkorn som skildrar ein travel kvardag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar