Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

søndag 11. oktober 2009

Sjokoladekake


Tøyse jenta

Enda ein deilig søndag er forbi. Tullemor var vaken fleire gongar i natt, faktisk ein heil time eine gangen. Da var det pappaen som tok ansvar. Derfor var det nokon trøytte foreldre i dag tidleg. Bortskjemte som vi er, er jo våkenetter eit ukjent begrep for oss. Trur vi er på femte natta no, sida ho var født. Det er kanskje nokon tenner på gang, tipper vi. Samtidig skal det jo seiast at ein får litt gjort når ein står tidleg opp. Her var sjokoladekaka putta i omnen før ti. Vi venta jo besøk igjen i dag, noko som var utruleg kjekt. Litle guten var så flink til å halde tullemor på fanget. Samtidig som det ikkje er så lett å forstå at dei ikkje kan snakke eller sitte sjølv. Ellers har eg skravla litt på telefonen med dei heime. Gleder meg sånn til onsdag når mamma kjem - da skal vi kose oss!



Ein liten akrobat

1 kommentar:

  1. Herregud så fantastisk nydelig hun er, shit det stakk i hjertet så mye jeg savner dere!!!!! Dere e helt fantastiske:)

    SvarSlett