Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

mandag 5. oktober 2009

Småkreativ



Mandag er eigentleg ein deilig dag - da har ein ei heil ny veke med nye moglegheitar foran seg. Sjølvsagt kan min entusiasme skuldast det faktum at eg er heime i permisjon, og derfor nyt dagane til det fulle. Det er heilt utruleg, men har snart vore heime i 6 månader. Alt det eg skulle gjere og få gjort.. vel no har eg innfunne meg med at det viktigaste er å kosa seg, gjere dei tinga ein har verkeleg lyst til og så kan resten berre vere. I dag har vi gått ein tur i det nydelege hausveret, og rydda og vaska litt. Lillegull sine leiker har fått ein ny opphaldsplass. Eg har kledd ein gamal trekasse, opprinneleg til frakt av vin, med stoff innvendig og fylt den opp med leiker. Mulig det er ein liten mismatch dette med vin og barneleiker, men det vart ein flott leikekasse. Kanksje eg skal sette hjul på den også?



No har det gamle vaskefatet og den gule boksen vi kjøpte på bruktmarkedet fått sin plass på kjøkkenet.




Lille tulla sjarmerer oss alle i senk. Smil, latter og leik heile dagen. Sinna når ho skal sove.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar