Da er vi blitt ein lykkeleg liten familie på tre. Vi heldt til i Oslo, mens mange kjente og kjære er heime på vestlandet og fann derfor ut at blogging er ein ypperleg måte for dei å kunne følgje med på kva vi driv med.

lørdag 10. oktober 2009

Laurdagskveld og nesten vekeslutt





Herre så tida flyr. Trur eg gjentar meg sjølv no, men eg forstår verkeleg ikkje kvar dagane blir av. Når eg les gjennom bloggen no ser eg at eg kun har skrive to dagar denne veka, noko som tyder på travle dagar og derfor litt trøtte kvelder. Pappamannen har hatt det travelt på skulen denne veka, med grupperabeid og framføringar og har derfor ikkje vore heime før i seks, sju tida på kvelden. I går kom ei svært god venninne av meg til byen, så var for første gang ute og drakk ein øl i Oslo, etter vidunderet kom til verden. Eller to øl, rettare sagt. Det var ei utrulig koseleg stund. Har forresten vore på forelesning på Blindern i går ettermiddag og i dag tidleg. Tar 10 studiepoeng, " mentor for nyutdanna lærere". Må ærleg innrømme at eg er temmeleg skuffa over foreleningane. I store deler av tida driv vi med reproduksjon, i staden for å flytte det opp på eit høgare, meir interessant nivå. Sjølv forventar og krev jo vi lærare refleksjon av våre elevar, om dei siktar mot dei beste karakterane. Dette er første gangen studiet gjennomføres og eg undrar meg på om vegen blir til undervegs. Ein smule frustrerandes når ein sit igjen med ei kjensle av bortkasta tid. Samtidig skal det seiest at det var veldig kjekt å treffe folk og prate litt fag. Gler meg til å setje i gang med litt faglitteratur lesing. Om eg får tid innimellom syinga, for i dag kom hentelappen å syboka eg bestillte. Pappamannen skulle på jobb i ettermiddag, så han kom med lillegull på Blindern. Fekk eg sjans til å vise ho litt fram - stolt mamma. Vi skunda oss allikevel kjapt heim, for der venta vi besøk fra Kristiansand. Vi hadde sånn ein fantastisk ettermiddag saman, eg og lillegull, venninna mi og hennar son. Eg er fadder på han, men har dessverre ikkje sett han på altfor lenge. Han er slik ein vakker, liten gut, med svært mykje energi. Pappamannens verktøy, som ligg "rydda" rundt omkring hos oss var ein stor slager. Guten er svært glad i byggje. Lykke at vi skal hengje saman i morgon formiddag og.











Gode deko!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar